Ål | Jølstad Hallingdal gravferdsbyrå

I Ål held vi til i forretningsbygget Sundretunet ved avkøyringa frå Rv 7 til Ål sentrum.

Her har vi tilbydd profesjonelle gravferdstenester gjennom fleire tiår. Lokalet er på gatenivå med parkering ved inngangen.

Send henvendelse Hva koster en begravelse?
Utsiden av kontoret til begravelsesbyrået på ål
  • Om byrået

    Hallingdal Gravferdsbyrå, med hovudkontor I Ål, har sidan 1995 tilbydd (omsorgsfull og) profesjonelle gravferdstenester. Frå 2014 er byrået ein del av Jølstad begravelsesbyrå og vi er gravferdsbyrået for heile Hallingdal. Vårt moderne og innbydande kontor var nytt i 2018 og ligg lett tilgjengeleg på bakkenivå med parkering rett utanfor bygget.

    Terje Nordal er dagleg leiar og Steinar Aa, Leonore Nesje Ødegård, Marit Haug og Torfinn Slåtto er gravferdskonsulentar.

    På Ål-kontoret finn du ei kiste- og gravsteinutstilling og eit samtalerom med konferansebord og visuelle hjelpemiddel. Dette gjer planleggingssamtalen så oversiktleg som mogleg. Vi legg stor vekt på personleg service og kan også kome heim til deg for samtalar etter behov.

    Kyrkjene i kommunen nyttast til kyrkjelege gravferder. For livssynsåpne seremoniar nyttar vi Ål kulturhus, seremonirom/ kapell i Ål helsesenter eller Kyrkjestugu ved Ål kyrkje. Andre lokale kan også nyttast ved behov.

    Vidare engasjerer vi oss aktivt i lokalsamfunnet. Dette inkluderer deltaking på fagmøte i helsesektoren, konfirmasjonsundervisning i Ål/ Flå og undervisning i Helse- og oppvekstfag på Ål vidaregåande skule. Dette for å fremje kunnskap og forståing om dødsfall og sorgprosessen.

    Du kan når som helst kontakte oss. Vår vakttelefon bemanna døgnet rundt, også i helger og på høgtidsdagar.
    Vi kjem gjerne heim for samtalar om det er ønskeleg.

    For meir informasjon, besøk vår Facebook-side.

  • Våre avdelingar

    Vi har lyse og moderne lokale i Flå, Ål, Gol og Geilo og tilbyr gravferdstenester i heile Hallingdal (Flå, Nesbyen, Gol/Herad, Hemsedal, Ål/Torpo/Leveld, Hol/Hovet, Geilo, Dagali og Skurdalen).

    Andre avdelingar i Hallingdal

  • Finn oss

  • Samarbeidspartnarar

    For blomedekorasjonar samarbeider vi med binderiet Blomsterspira i Gol.

    Våre kundar får velge den blomsterleverandøren dei sjølv vil bruke om dei har preferansar for andre lokale leverandørar.

    Nye gravstein blir levert frå vår hovudleverandør Nerland Granittindustri AS. Dei utfører også gravering av nye navn og oppussing av eksisterande gravstein. På heimesida er det presentert eit breitt utval av gravstein. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og pristilbod.

Våre ansatte

Send oss en henvendelse

Felter markert med * må fylles ut.